07.05.2009

Eg blir sprø




Eg blir rett og slett heilt fortvila av alt styret for tida. Egentlig så har vi uutrulig lite styr, anna enn litt tettpakka opplegg med prøver. Men det er eg sjølv som legger opp til ei rekkje med dagar fylt av stress, angst og dårlig samvit.

Det er rett og slett matteprøva som får meg til å ta dette opp no. Vi har matteprøve i morgen og istaden for å jobbe langs med planen, har eg ikkje begynt på kapittelet. Og eg gjer ikkje lekser no! No skal eg først og fremst dusje, og klippe håret mitt, eller Mamma(Lilli-Ann) skal faktisk gjere det. Så kjem vi til matematikken. Eg har virkelig ikkje gitt den litt.. kranglete vennen min Matte så mykje omsorg den siste måneden. Rett og slett for at eg er dørkandes skulelei, og har slitt litt med at noken ikkje har gitt meg so mykje "omsorg" som eg føler eg trenger, slik at eg har kjeda livet av meg med en annan god venn, Supernatural. Eg skulle gjerne vært smart, men eg er boksmart, ja faktisk til de grader boksmart i matte! Eg må lese, gjere oppgåve, spørre om hjelp og gjere enda fleire oppgåver. Men det syntes eg er greit, siden eg gjekk frå en toer til en femmer på ei prøve. Men så er det akkurat det med å halde motivasjonen oppe, og det har eg ikkje gjort. Men, vi får sjå kor det går i morgen. Det som frister mest, er å gjere det venninna mi MAlin skal i morgen..Til Spania! Forestill deg det, varmen, atmosfæren, friheten og total avslapping/avkobling fra kalde Noreg og prøvemas.

Apropo ferie, så kom eg til å tenke på noke i dag. Om eg skal til London med Per i Juni, juli er det vel på tide og skaffe meg Pass? Jaja, men dusjen kaller. Kva skal du idag, og syntes du at det er stress med prøver, eller er det bare eg som roter?
Asian Street Fashion

Ingen kommentarer: