16.04.2009

Berg og dalbaner

Kvifor går det ikkje ann å ha noko ekstraordinært, noko andre kan misunne enn for? Noko slikt eg misunner andre for. Det er så fælt å sjå dei, for så å sjå ned på seg sjølv igjen og forstå at det ikkje kjem til å være slik. Iallefall ikkje lengre enn små periodar, og når du veit at alt er slik du vil det skal være ligg det ei mørk sky rett rundt hjørnet som berre ventar på å bryte ut. Dei kjem i forskjellige former, men har alltid det same formålet; å bryte deg sakte men sikkert ned. Slik at det deretter ikkje kan gå ein anna veg enn oppover sidan du allereie er på bunn. Kor lang tid det tar før oppoverbakken startar er heller uvisst.
-Det er ikkje snakk om Materealisme eller status, berre så det er sakt.

1 kommentar:

Mystic Girl sa...

Jeg kjenner så utrolig godt til følelsen. Eneste som hjelper er å ha noe positivt å tenke på, eller noe å se frem til:)
Håper det snart går bedre, tiden leger som regel alle sår langs veien...